Hopp til innhold
Vegard Markhus. Foto: Bjarte Bjørkum / Samlaget. Nytta etter avtale.
Vegard Markhus. Foto: Bjarte Bjørkum / Samlaget. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Vegard Markhus

Vegard Markhus er forfattar, illustratør, lærar og musikar. Han har gitt ut fleire biletbøker for born, der han skaper humor ved å snu kjende kontekstar og uttrykk på hovudet.

Vegard Markhus er fødd 27. november 1983 i Norheimsund. Han har utdanna seg ved linja for utøvande musikk ved Viken Folkehøgskole i 2002–03 og er adjunkt frå Høgskolen i Bergen, 2004–08. Markhus har arbeidd som lærar og forfattar sidan 2008 og har i tillegg turnert for Den kulturelle skulesekken.

Forfattaren sitt særpreg ligg i samspelet mellom tekst og illustrasjonar. Markhus sitt visuelle uttrykk er enkelt og tydeleg, men samstundes absurd og humoristisk. Ein naivistisk strek vert supplert av leik med ord og uttrykk.

Markhus debuterte med biletboka Redd i 2008. Her skaper han eit surrealistisk univers som illustrerer det irrasjonelle i born sin angst, til dømes redselen for mørke skogar, grøne monster og sinte menn. I Timothy mister seg sjølv (2010) møter vi ein snodig kar, som reint faktisk misser delar av seg sjølv og må lime seg saman att. Med humor som sterkt verkemiddel, og med den underliggjande bodskapen om «å misse seg sjølv», har denne boka ei vid målgruppe.

Markhus har òg skrive bøker for leseopplæring, mellom anna Klassebildet (2013), for Zeppelin leseserie for elevar på 1.–7. trinn, og Epleslang (2015) og Full fart (2016) for lettles-serien Leseland. Dei to siste handlar om elevane Rine og Ravi, som strevar med ein svært tøysete og bråkete lærar. Ei kjedeleg bok (2017) spelar òg på humor og det absurde. Hovudpersonen vil ut av den kvite, kjedelege boka han er i, men endar opp med å la eigen kreativitet og fantasi fylle dei blanke sidene.

For Timothy mister seg sjølv fekk Markhus Nynorsk barnelitteraturpris i 2010.

Kjelder

Nettsamtale med Vegard Markhus 19.4.2018

Bibliografi i Forfatterkatalogen, forfatterkatalogen.no: http://www.forfatterkatalogen.no/forfattere/vegard-markhus/ [lesedato 19.4.2018]

Forfattaren si heimeside, presentasjon av eigne bøker, vegardmarkhus.blogspot.no: http://vegardmarkhus.blogspot.no/ [lesedato 19.4.2018]

Peikarar

Hilde Dybvik: «Morsom metafortelling», omtale av Ei kjedeleg bok, barnebokkritikk.no

Noregs mållag: «Barnelitteraturpris til Markhus», nm.no 

Petra I. Helgesen: «Vegard Markhus: Timothy mister seg sjølv», boktips frå Nynorsksenteret, nynorskbok.no 

Først publisert: 01.08.2018
Sist oppdatert: 01.08.2018