Hopp til innhold
X
Innhald

Viking Mestad

Viking Mestad, bankdirektør og teatermann. Han hadde ansvaret for både Det Norske Teatret og Nynorsk Pressekontor i avgjerande periodar for desse verksemdene.

Mestad var fødd på Evanger 12. januar 1930 og døydde 15. desember 2013 i Oslo. Etter juridisk embetseksamen i 1955 arbeidde han i Prisdirektoratet, som dommarfullmektig i Aust-Finnmark og på Stortingets kontor, før han i 1962 blei tilsett i Noregs Bank. Her blei han direktør for Sekretariats- og rettsavdelinga og kom med i leiargruppa. Han slutta i 1995.
 
I studietida hadde han vore med i Studentmållaget i Oslo. Der hadde han som særleg oppgåve å få folk til å gå i Det Norske Teatret. Dette blei den fremste målpolitiske arenaen hans. Mestad var styreformann i Det Norske Teatret 1977–98. Han var også leiar i interimsstyret for Nynorsk Pressekontor i 1969 og styreformann der fram til han blei statssekretær (V) i Korvald-regjeringa 1972–73.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Viking Mestad: PM – «for minnet». Nynorsk skriftkultur – førestelt fellesskap, identitet og nettverk, stensil. Oslo 2004

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 11.04.2018