Faktaboks

Wenche Medbøe

Wenche Elena Riosianu Medbøe

Fødd
3. juli 1940, Oslo

Wenche Medbøe er ein norsk skodespelar og iscenesetjar.

Wenche Medbøe har hatt eit særleg engasjement for born og unge, som ho har skrive og oppført teater for, og gjennom mange tiår på Det Norske Teatret har ho spela i meir enn hundre roller.

Bakgrunn

Wenche Medbøe er fødd i Oslo. Etter eksamen frå Teaterhøgskolen i Oslo 1963 var ho tilsett ved Fjernsynsteatret i 1963–1965, ved Nationaltheatret i 1965–1969 og ved Det Norske Teatret i 1969–2010. I eitt år, 1979–1980, spela ho ved Rogaland Teater.

Wenche Medbøe er dotter av Odd Medbøe og syster til Katja Medbøe.

Karriere

Nationaltheatret

Blant rollene på Nationaltheatret spela Medbøe mellom anna den lille guten i Ingmar Bergmans oppsetting av Luigi Pirandellos Seks personer søker en forfatter (1967), Hilde i Henrik Ibsens Fruen fra havet (1968) og Alvilde i Bjørnstjerne Bjørnsons Naar den ny vin blomstrer (1969).

Det Norske Teatret

På Det Norske Teatret har Medbøe spela i dei fleste sjangrar. Ho var Fiona i framtidsdramaet Å miste eit romskip av Jon Bing og Tor Åge Bringsværd, hertugdottera Miranda i fantasistykket Stormen av William Shakespeare, Elektra i den greske tragedien Orestien, alle oppsette 1970, og Anette i samtidsdramaet Der storbåra bryt (1980) av Edvard Hoem. Av seinare roller har ho blant anna spela mora i Mor til David S. av Yvonne Keuls (1990) og Greta i Tida er vår heim av Lars Norén (1995). I 2005 tolka ha Mor Åse i Robert Wilsons oppsetting av Peer Gynt.

Fjernsynsteatret

I Fjernsynsteatret spela ho mellom anna Minna i Arild Brinchmanns tolking av Leck Fischers Frisøndag (1961), Borghild i Cora Sandels Kranes konditori (1963), Ariel i William Shakespeares Stormen (1964) og i krimserien Taxi, som vart vist på NRK Fjernsynet hausten 1969.

Andre prosjekt

Medbøe har eit vake auge for dei yngste. Ho har iscenesett to barneframsyningar på Oslo Nye Teater og har spela i oppsetjingar om ungdom og rusproblem i Mor til David S og Om sju jenter på Det Norske Teatret. I fleire år frå 1997 framførte ho kvar sommar HaugtussaLabråten, heimen til Arne og Hulda Garborg i Asker, som no er ein del av Asker Museum. Sidan 1998 har ho nesten kvar laurdag medverka i EventyrForteljeTeaterStund på Det Norske Teatret.

I 2010–2012 var ho prosjektleiar for kjeldeinnsamlinga Teaterets Hukommelse, der 50 teaterarbeidarar fortel om roller dei har hatt, og tankar dei har gjort seg gjennom eit langt teaterliv.

Gjennom sitt eige kompani, Medbøe Produksjoner, har ho mellom anna har laga ei forestilling om Rolf Jacobsens liv og diktning, Kjente jeg deg? (2014).

Medbøe vart heidra med Kunstnerforbundet sin Parelius-pris i 2009.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Arkivet, Det Norske Teatret
  • Knut Ove Arntzen mfl. (red.): Kunnskapsforlagets teater- og filmleksikon. Oslo 1991

Kommentarar (3)

skreiv Morten Bakkeli

Hei, det står i artikkelen om Wenche Medbøe at hun debuterte som skuespiller i Fjernsynsteatret i 1963, men hun medvirket i "Frisøndag" i Fjernsynsteatret 9. mars 1961, uten at jeg er sikker på om det var hennes debutrolle. [https://tv.nrk.no/serie/fjernsynsteatret/FTEA61000461/09-03-1961]

svarte Lillian Bikset

Takk, jeg skal undersøke dette - og også ellers gjennomgå denne artikkelen for oppdatering, det ser ikke ut som om den har vært rørt siden papirutgaven av leksikonet. Jeg er glad du gjorde meg oppmerksom på den, mvh, Lillian Bikset (fagansvarlig).

svarte Lillian Bikset

Du har rett: Hun spilte flere roller både i NRK Fjernsynsteatret og i film for øvrig ('Line') før 'Kranes Konditori'. Dette er korrigert nå, og jeg har også brakt øvrig informasjon opp til dags dato. Takk for at du gjorde meg oppmerksom på denne, mvh, Lillian Bkset (fagansvarlig).

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg