Hopp til innhold
Måleri av Mozart av Barbara Krafft, 1819. Her foto ved Rafael Poveda, Flickr.com CC BY-NC-SA
Måleri av Mozart av Barbara Krafft, 1819. Her foto ved Rafael Poveda, Flickr.com CC BY-NC-SA
X
Innhald

Wolfgang Amadeus Mozart

Joannes Chrysostomus Wolfgangus Theophilius Mozart, austerrisk komponist som var ein av dei fremste og mest produktive komponistane i historia.

Wolfgang Amadeus Mozart var fødd 27. januar 1756 i Salzburg, Austerrike og døydde 5. desember 1791 i Wien. Han synte tidleg musikalsk talent, og alt som femåring skreiv han dei første verka sine. Talentet hans voks fort, og saman med storesyster Nannerl opptredde han for keisarinne Maria Theresa hausten 1762. Skulegangen hans, også den musikalske, var det så vidt vi veit faren, Leopold, som stod for.
Frå 1763 turnerte han i Europa i ti år og utvikla seg mykje som komponist. I 1772 vart han konsertmeister i Salzburg, men treivst dårleg og forlét heimbyen i 1781. Han busette seg i Wien, der han skreiv ustanseleg heilt til han døydde, 35 år gamal. Dødsårsaka er ikkje kjend, men den mest vanlege teorien er akutt revmatisk feber. Det har vore spekulert i om han hadde ei nevrologisk liding, og både Tourettes og Aspergers syndrom har vore nemnde. Han vart frimurar i 1784, og losjen vart sentral i livet hans.
Mozart skreiv meisterstykke i alle sjangrar, tru mot det wienerklassiske idealet om klarleik og balanse, men med ei særskild evne til å veksle mellom ulike samtidige stilartar. Både i samtida og seinare har han vore sett på som eit av dei største musikalske talenta verda har sett. Musikken er gjennomsyra av den melodiske sansen hans, og sjølv i dag vil dei fleste kjenne att mange av temaa hans, frå verk som Eine Kleine Nachtmusik (1787), Pianosonate nr. 11 (ca. 1783) og Symfoni nr. 40 i G-moll. Dei seine operaene hans er av dei som oftast vert oppsette. Verka hans er kronologisk ordna etter Köchel-katalogen (forkorta KV).
(Artikkelen held fram under videoen)
Lydvideo: Eine Kleine Nachtmusik (1787)
Vedunderbarnet
Vi veit at Wolfgang alt som fireåring spela fleire av Nannerl sine øvingsstykke. Etter suksessen hos keisarinna året før la heile familien i veg på ein tre og eit halvt år lang europaturné sommaren 1763. Den første lange stoppen var i Paris, der dei spela for kong Ludvig 15. og Mozart fekk prenta musikk første gongen (KV 6–9). Dei reiste vidare til London, der dei vart verande eit år og opptredde mykje offentleg, før dei drog heim via Nederland og Paris hausten 1766.
Overalt imponerte Mozart med sine hyperutvikla evner til både utøving, musikkforståing og improvisasjon, og han vart kjend i hoffa rundt om i Europa som eit musikalsk vedunderbarn og eit eksepsjonelt talent.
I 1769 reiste Mozart og faren til Italia, og det var i påska 1770 at han transkriberte Gregorio Allegri sitt korverk Miserere, etter å ha høyrt det berre to gonger i Det sixtinske kapellet. Nok ein gong vekte han oppsikt, og i løpet av dei tre Italia-turane i 1769–73 skreiv han tre operaer som vart framførte i Milano.
Hoffmusikaren
I 1772 vart Mozart konsertmeister under erkebiskopen i Salzburg, men vart snart misnøgd med musikklivet i heimbyen. Han var lite interessert i kyrkjemusikk og brukte i staden energien sin på å komponere instrumentale tingingsverk frå lokale mesenar, alt medan han lengta etter ein stad der han kunne få sett opp operaene sine.
Han sa opp i 1777 for å finne anna arbeid, men fekk nei alle stader. Saman med mora reiste han til Paris, der ho brått døydde. I januar 1779 kom han heim og fekk jobb som hofforganist. På bestilling frå München komponerte han operaen Idomeneo (KV 366) vinteren 1780–81, og då han kom heim frå denne suksessen våren 1781, sa han opp og flytte til Wien.
Frilansaren
Det siste tiåret han levde var Mozart frilansar i hovudstaden, og produksjonen hans frå denne tida er eineståande, både i omfang og kvalitet. Det første viktige verket var syngjespelet Bortføringa frå Seraillet (1782, KV 384), som vart sett opp kringom i heile det tysktalande Europa. Han var elska av publikum og hadde god inntekt frå konsertar, tingingar, speletimar og noteutgivingar. Han sette opp eigne konsertar, med seg sjølv som både komponist og klaversolist.
I mai 1786 hadde Figaros bryllaup (KV 492) premiere, følgt av Don Giovanni (KV 527) året etter. Desse operaene representerer eit høgdepunkt, for mot slutten av 1780-åra vart økonomien verre, og han slutta å opptre offentleg. Faren døydde i 1787, og den austerrisk-tyrkiske krigen sette ein dempar på musikklivet i byen. Berre ein keisarleg post som «Kammermusicus» heldt han flytande økonomisk.
(Artikkelen held fram under videoen)
Lydvideo: Figaros bryllaup (KV 492)
I 1790 kom premieren på operaen Così fan tutte (KV 588), før han la ut på nye reiser i håp om å finne betre lukke, utan hell. Dei siste leveåra hans var svært produktive, og han skreiv fleire av dei kanoniske verka sine, mellom anna Tryllefløyta (KV 620), Klarinettkonsert i A-dur (KV 622) og det myteomspunne, uferdige Requiem (KV 626), som han framleis arbeidde med på dødsleiet. Han hadde eit kort sjukeopphald og vart gravlagd i ei «allmenn» og umerkt grav, som var det vanlege for ikkje-adelege.
Kjelder
Donald Jay Grout et al.: A History of Western Music, Sixth Edition. New York 2001
Simon P. Keefe (red.): The Cambridge Companion to Mozart. Cambridge 2003
Cliff Eisen et al.: «Mozart», i Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/40258pg3 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 7.5.2014]

Først publisert: 24.07.2014
Sist oppdatert: 16.09.2015