Hopp til innhold
X
Innhald

Mads Iver Wefring

Mads Iver Wefring

Mads Iver Wefring

Mads Iver Wefring (1819-1894) frå Vevring. Haugianar, tok som 15-åring til å reise som forkynnar på Møre og i Gudbrandsdalen, etter at han vart «vekt» på møta til Stina og Maren Underli i 1833.

Tok studenteksamen 1847 og presteeksamen 1852. Hadde prestekall fleire stader, sist i Vår Frues kirke i Trondheim. Han var også reisetalar for «Foreningen mod Brændevinsdrik», og var truleg ein av initiativtakarane til skiping av Vevring Afholdsforening i 1854.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.03.2008