Hopp til innhold
X
Innhald

Mads Olson Andenæs

Far til juss-legende

Mads Olson Andenæs (1855–1942). Frå Gloppen, busett i Innvik og Bærum. Var prest i USA før han vart sokneprest i Innvik 1909 til 1925, der seks av dei åtte sønene til Mads og kona Signe vart fødde. Seinare flytta familien til Bærum. Mads er stamfar i den kjende Andenæs-slekta i Oslo, som har gjort seg bemerka i politikk, forretning og i forsking.

Far til juss-legende

Ein av sønene er den legandariske jussprofessor Johannes Bratt Andenæs (1912-2003). Sonen Erling Andenæs (1910-1992) leia ei kjend motstandsgruppe under 2. verdskrig og bygde opp eit stort forretningskonsern i Oslo.

Tønnes Andenæs (1923-1975) var statssekretær og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, og omkom i togulukka på Tretten 22. februar 1975. (27 menneske omkom då to persontog kolliderte nord for Tretten stasjon.) Ein annan son var distriktslege Olaf Andenæs (1907–1985) i Stryn, som m.a. dreiv diagnosestasjon for tuberkulose i Nordfjord.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2011