Hopp til innhold
X
Innhald

Magne Fagerheim

Magne Fagerheim (1916-2007) frå Dale. Adjunkt, lokalhistorikar og SV-politikar.

Magne Fagerheim (1916-2007) frå Dale. Adjunkt, lokalhistorikar og SV-politikar.

Var lærar ved Falchs Pensjonat- og Middelskole, og dreiv saman med brørne Oddleif Fagerheim og Sverre Fagerheim Sunnfjord Gymnas i tida 1943-1951.

Har vore medforfattar av bygdeboka for Fjaler. Saman med Magne Bøtun skipa Fagerheim i 1965 fylkesavdelinga av Sosialistisk Folkeparti, som i 1974 gjekk inn i SV.

Leiar av Fjaler Sogelag og i styret i Sunnfjord Sogelag i mange år.

Son til Ragnvald Fagerheim og bror til Oddleif Fagerheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.01.2015