Hopp til innhold
X
Innhald

Magne S. Espedal

Privat foto.

Privat foto.

Magne S. Espedal (1942-2010) frå Espedal. Professor i matematikk. Cand. real. 1966, dr. philos. 1974, og har m.a. hatt fleire studieopphald i USA.

Espedal vart forskar ved Universitetet i Bergen 1968-1974. Assisterande professor i matematikk 1971-1974, og professor i matematikk ved UiB frå 1980.

Espedal arbeider spesielt med reservoarmekanikk (studie av korleis væske og gassar - t.d. olje, vatn og metan - rører seg i eit porøst medium). Han leier ei gruppe vitskapsfolk som arbeider med matematiske berekningar innan oljeutvinning.

Espedal har hatt fleire tillitsverv innan forskingsråd og universitet, m.a. som medlem av kollegiet ved Universitetet i Bergen i seks år.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2011