Hopp til innhold
X
Innhald

Magne Wergeland

Hardbalne gutar, ei av bøkene til Magne Wergeland.

Hardbalne gutar, ei av bøkene til Magne Wergeland.

Magne Wergeland (1899-1973) frå Brekke, busett i Kongsberg. Lærar og forfattar.

Lærareksamen 1925. I USA 1926-1933. Arbeidde som lærar fleire stader før han i 1958 vart lærar i Kongsvinger.

Gav m.a. ut «Snurrige folk» (1924), diktsamlingane «Havmann» (1927), «Storm over Skagastølstind» (1969) og «Vetteljos over bjarte grender» (1972), skodespelet «Hugskifte» (1928), barnebøkene «Hardbalne gutar» (1943), «Vågsame karar» (1949), «Den underlege hola» (1951) og «Ut i verda» (1953), eventyrsamlinga «Den store jonsokfesten» (1951), og reiseskildringa «I vesterveg» (1935).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.08.2010