Hopp til innhold
X
Innhald

Magnor Jørgensson Midtun

Magnor Jørgensson Midtun f. 1932 i Eivindvik. Bankmann, lokalhistorikar og politikar. Banksjef i Gulen Sparebank 1968 - 1990.

Midtun har samla og gjeve ut eit stort historisk materiale om næringsliv, organisasjonsliv og segner og soger frå Gulen, og har skrive 100-årssoga til Gulen Sparebank.

Medlem av kommunestyre og formannskap i åtte år.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv i 2002. Han fekk den første Gulatingprisen frå kommunen i 2008.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.02.2010