Hopp til innhold
X
Innhald

Magnus Erlingsson

Tittelfrise som framstiller Magnus Erlingsson, laga av G. Munthe.

Tittelfrise som framstiller Magnus Erlingsson, laga av G. Munthe.

Magnus den 5. Erlingsson (1156-1184). Norsk konge. Son av lendmann Erling Skakke og Sigurd Jordsalfare si dotter Kristina.

Vart konge i Noreg i 1161 berre fem år gamal etter å ha fått støtte frå kyrkja og frå lendmenn på Vestlandet. Den reelle styraren av kongeriket i mange år frametter vart difor faren Erling Skakke.

Kruna i Bergen

Sidan Magnus si «kongelege byrd» var tvilsam, freista støtteapparatet kring han å styrkje kongeautoriteten til Magsnus ved å la han krune og vigsle av kyrkja: I 1163 vart han kruna i Bergen av biskop Øystein, men måtte samstundes godta å gje kyrkja stor makt i kongeriket. M.a. skulle kyrkja ha sterkt mynde ved framtidige val av norsk konge.

Krig med Birkebeinarane

Men kong Magnus, faren Erling Skakke og tilhengarane deira hadde sterke motstandarar: I 1174 gjorde Birkebeinarane under førararen Øystein Møyla opprør. I 1177 braka dei saman i slaget på Re. Her fall Øystein Møyla. Sverre Sigurdsson samla restane av Birkebeinarane då han kom til Noreg i 1176 og heldt fram kampen. I 1179 fall Erling Sakke i eit slag på Kalvskinnet ved Trondheim.

Ny strid med Sverre

Men striden mellom Magnus og Sverre var ikkje avgjort med dette. Etter eit nytt slag mellom dei to på Ilevollen i 1180 der Sverre på nytt vann, måtte Magnus røme frå Trøndelag, og søkte støtte frå sympatisørar på Vestlandet og Sørlandet, og delvis i Danmark.

Slaget ved Fimreite

I 1184 kom det til eit endeleg oppgjer, då Magnus Erlingsson og Sverre Sigurdsson møttest i slaget ved Fimreite. Her fall kong Magnus saman med 2.000 av mennene sine.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011