Hopp til innhold
Magnus Helge Torvanger. Foto: Selja Forlag. Nytta etter avtale.
Magnus Helge Torvanger. Foto: Selja Forlag. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Magnus Helge Torvanger

Magnus Helge Torvanger er forfattar, journalist og lokalhistorikar. Han har gitt ut både barne- og ungdomsromanar, og dessutan historisk sakprosa.

Magnus Helge Torvanger er fødd 1. februar 1951 i Florø. Han gjekk engelsklina ved Flora gymnas i 1968–71 og var student ved medielinja ved Høgskulen i Volda i 1974–76. Torvanger har arbeidd som journalist for mellom anna Firda Folkeblad i 1976–82 og Firdaposten i 1983–91. Han har òg arbeidd for Noregs Mållag i 1979–81 og er styremedlem i Sogn og Fjordane Skrivelag og Sogn og Fjordane Forlag AS.

Torvanger har vore både redaktør og medforfattar i fleire historiske verk, mellom anna Havet tok – 113 forlis og skipsulukker i Sogn og Fjordane (2017). Han har òg gitt ut ei rekkje fagbøker og hefte om maritime og kysthistoriske emne.

Torvanger debuterte skjønnlitterært i 1979 med barneboka Fantomet er redd. Vesle Anders er tilflyttar, venelaus og vert mobba for dialekten sin. Han vernar seg sjølv ved å flykte inn i ei draumeverd der han er uredd og modig, som helten Fantomet. Boka sitt bakteppe er fråflytting frå bygdene og kulturkollisjonar på dei nye industristadene. Forfattaren ønskjer å styrkje medvitet om stolt dialektbruk.

Ungdomsromanane Sverdet og fløyta (1985) og Knivseggen (1989) er fantasifulle sciencefictionforteljingar. Her møter vi drakeliknande vesen, golde og fattige verder, mystikk og løyndomar. Kampen mellom gode og vond makter står sentralt, og unge, sympatiske heltar må løyse vanskelege oppgåver.

Forfattaren nyttar eit lett tilgjengeleg språk, rikt på naturskildringar. Naturen gir ofte vilkåra for menneska sine liv, der dei må klare seg under krevjande tilhøve. Det å vere utanfor fellesskapet, streve med å finne sin plass og få innpass i flokken er motiv som går att i Torvanger sine romanar.

Kjelder

E‑post frå Magnus Helge Torvanger 9.12.2017

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Forfattarar frå Sogn og Fjordane, «Magnus Helge Torvanger», omtale og bibliografi, sfj.no: http://forfattarar.sfj.no/magnus-helge-torvanger/ [lesedato 9.4.2018]

Peikarar

Bøker utgitt på Selja Forlag, selja.no 

Først publisert: 01.08.2018
Sist oppdatert: 01.08.2018