Hopp til innhold
X
Innhald

Magnus Willumsen

Magnus Willumsen fødd 1960 på Byrkjelo. Lærar og idrettsorganisator. Utdanna idrettslærar 1984, og har sidan vore idrettslærar ved Firda v.g. skule. Som aktiv friidrettsutøvar vart han vestlandsmeister både på 400 m og 400 m hekk.

Han har gjort ein stor innsats som instruktør i friidrett, og var frå 1990 til 1999 den drivande krafta i Norsk Idrettsveke på Byrkjelo – ei treningssamling som kvart år samla opptil 340 friidrettstalent frå heile landet. (Sjå Indre Breim Idrettslag.)

Seinare har Willumsen drive ein idrettsklubb på Byrkjelo og kystleirskule på Nordfjord-kysten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.01.2011