Hopp til innhold
X
Innhald

Malvin Toft

Malvin Toft. Foto: Harald J. Stavang.

Malvin Toft. Foto: Harald J. Stavang.

Malvin Toft (1934-2010 frå Skorpa. Fiskar og lokalhistorikar. Han har gjort verdfullt samlararbeid kring nyare fiskerihistorie i Ytre Sunnfjord, publisert m.a. i seriar i Firdaposten.

Toft gav i 2002 ut boka "Båtar med sjel".

I 2003 var Toft hovudforfattar av "Havet tok" om forlis langs kysten av Sogn og Fjordane. Han gav ut ”Sildeeventyret” i 2004 , ”Båtar med sjel II” i 2005 , Båtar med sjel III” i 2009 og var medforfattar av boka ”Krigsseglarar” i 2008 saman med Kjell Ragnar Berge og Hans Steinsund frå Solund. Alle bøkene er gjevne ut på Selja Forlag.

Toft fekk i 2002 kulturprisen til Flora kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.09.2010