Hopp til innhold
X
Innhald

Maren Fitje

Maren Fitje fødd Underli (1812–1845) frå Vevring, busett i Førde og Flora. Haugianar, som saman med søstera Stina Underli stod sentralt i ei religiøs vekking i bygdene langs Førdefjorden i 1833.

Maren reiste som forkynnar både i Sunnfjord, Nordfjord og på Sunnmøre. Ho gifte seg med Elias Fitje i Førde 1836, og dottera deira Marianne Olsen (1839–1931) flytta frå Førde til Florø, der ho og mannen dreiv forretning. I Florø kalla byfolket henne «Bestemor Olsen» eller «Florø si bestemor».

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.12.2010