Hopp til innhold
X
Innhald

Margaret Sophia Green Kvikne

Margaret Sophia Green Kvikne. © Fylkesarkivet.

Margaret Sophia Green Kvikne. © Fylkesarkivet.

Margaret Sophia Green Kvikne (1850-1894) Prestedotter frå England, busett i Balestrand. Fjellklatrar, kyrkjebyggjar og hotellvertinne.

Ho kom til Noreg første gong i 1886 for å drive fjellklatring, og var ei av dei første kvinner som klatra til topps på Romsdalshorn.

I Balestrand vart ho gift 1890 med hotelleigar og fjellførar Knut Kvikne. Ho døydde av tuberkulose i 1894. Men før ho døydde, oppmoda ho ektemannen om å byggje ei «engelsk» kyrkje for turistane i Balestrand.

Han fekk m.a. økonomisk støtte frå to velståande amerikanske kvinner som budde i Balestrand, Gertrude Abbot og Elisabeth Winslow Peters.

St. Olafs kyrkje vart bygd som ei etterlikning av ei norsk stavkyrkje, og vigsla 1897.

Minneportrett av Margaret Green Kvikne heng ved inngangsdøra til kyrkja.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011