Hopp til innhold
X
Innhald

Margrete Arnesdotter

Margrete Arnesdotter (fødd ca. 1154). Dotter av lendmann Arne på Stodrheim og Dronning Ingerid Ragnvaldsdotter.

Ein av brørne til Margrete på Stårheim var den mektige «baglarbispen» Nikolas Arnesson. Margrete vart i andre ekteskapet gift med Simon Kåreson (d. 1189). Dei fekk to søner. Den eldste var Filippus Simonsson jarl, som bisp Nikolas i 1207 peika ut og fekk kåra som konge då baglarane stridde mot kong Sverre Sigurdsson og hans birkebeinarar om makta i Noreg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.03.2008