Hopp til innhold
X
Innhald

Margunn Humlestøl Haugenes

Margunn Humlestøl Haugenes etter sigeren i OL i 2000. Foto: Erik Johansen, Scanpix.

Margunn Humlestøl Haugenes etter sigeren i OL i 2000. Foto: Erik Johansen, Scanpix.

Margunn Humlestøl Haugenes fødd 1970 i Eikefjord. Fotballspelar, OL-meister, trenar og lærar. Ho vart den første frå Sogn og Fjordane som har teke medalje i olympiske leikar då ho vart olympisk meister med det norske landslaget som vann gull i OL i Sydney i 2000.

Ho har spela på fotballaga Eikefjord, Kaupanger, Asker, Sandviken, Bjørnar og Amazon Grimstad. I 2000 vart ho profesjonell spelar på Fulham i Storbritannia. Etter utanlandstida var ho spelande trenar i toppserielaget Amazon Grimstad FK, deretter trenar i same laget fram til hausten 2013.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.09.2013