Hopp til innhold
X
Innhald

Maria Tryti Vennerød

Maria Tryti Vennerød fødd 1978 i Oslo. Oppvaksen i Sogndal og Førde, busett i Oslo. Dramatikar.

Maria Tryti Vennerød fødd 1978 i Oslo. Oppvaksen i Sogndal og Førde, busett i Oslo. Dramatikar.

Debuterte med stykket «Meir» på Norsk teaterfestival i 2002. Det neste stykket, «Ta meg på vengjene», vart urframført av Sogn og Fjordane Teater i 2003. I 2003 vann ho ei stor svensk-norsk dramatikartevling med stykket «Frank». 55 dramatikarar deltok i tevlinga som vart arrangert i samband med hundreårsmarkeringa av unionsoppløysinga i 1905. «Frank» vert oppført på Det norske teatret og ved Stockholms Stadsteater.

Tildelt Ibsenprisen 2005 for stykket «Dama i luka», framført på Det Norske Teatret 2004.

I 2010 var det urpremiere på Det Norske Teatret på eit nytt stykke frå Maria Tryti Vennerød - "Neverland".

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.11.2010