Hopp til innhold
X
Innhald

Marie A. Ryssdal

Marie A. Ryssdal. Foto: Ragnar Albertsen.

Marie A. Ryssdal. Foto: Ragnar Albertsen.

Marie A. Ryssdal (1913-2009) frå Davik, busett i Ryssdal. Husstellærar og bondekone. Syster til lensmann Alf Rosenlund i Davik.

Saman med mannen Lars Ryssdal har Marie lagt ned eit stort arbeid i kulturvern. Ho er blant dei fremste i fylket i arbeidet med å ta vare på gamle vevtradisjonar og kvinnehusflid, og Lars har samla eit stort tilfang av gamle folketonar.

Ekteparet har fått kulturprisen i Gloppen kommune og Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane i 1996.

Då Marie og Lars Ryssdal fekk Folkemusikkprisen i 1996. Til venstre Elin Grytting. Privat foto.

Då Marie og Lars Ryssdal fekk Folkemusikkprisen i 1996. Til venstre Elin Grytting. Privat foto.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.11.2011