Hopp til innhold
X
Innhald

Marie Landmark

Marie Landmark saman med vesle Aud Hauge i 1931. © Fylkesarkivet.

Marie Landmark saman med vesle Aud Hauge i 1931. © Fylkesarkivet.

Marie Amalie Landmark (1845-1935) frå Tysse. Skulestyrar, forretningskvinne og forfattar. I 1880 starta ho landhandel på Tysse. Denne dreiv ho fram til ho overlet drifta til Arne K. Haugland i 1918. Ho dreiv elles farsgarden Leite saman med systera Edle.

Starta i 1883 husstellskule på Tysse. Denne dreiv ho saman med systera Barbara (1838-1904) til 1893, då Marie vart reisande husstell-lærar i fylket fram til 1897.

Ho var også medarbeidar i bladet «Husmoderen». Gav ut «Husholdningsbog» (1892), «For Landsbygden - Raad og Veiledning for Hus og Hjem» (1900), «Kogebog for Land og By» (1910), «Fortellinger» (1910) og «Bagning og Brygning i det Smaa» (1911).

Dotter til Lars Stub Heiberg Landmark og syster til misjonær Nils Landmark og Edle Landmark.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.04.2013