Hopp til innhold
X
Innhald

Marie Sandvik

Marie Sandvik (1902-1992) frå Joranger, busett i Minneapolis, USA.

Marie Sandvik (1902-1992) frå Joranger, busett i Minneapolis, USA.

Utvandra til Amerika i 1920, der ho utdanna seg til lærar. Tok eksamen ved ein misjonsskule i Seattle, og vart engasjert i arbeidet mellom fattige i Minneapolis-slummen. Her kjøpte ho først ein gamal bar og skipa den om til misjonsstasjon for fattige og til kyrkje.

I 1960 vart verksemda flytta til eit større bygg nokre kvartal unna og omdøypt til Marie Sandvik Center. Her arbeider opptil 15 personar m.a. med matservering, ungdoms-klubb og barneleirar. Marie Sandvik har sjølv skildra livet sitt i biografien «To the slums with love».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.03.2008