Hopp til innhold
X
Innhald

Marit Orheim Mauritzen

Foto: Arild Nybø, NRK.

Foto: Arild Nybø, NRK.

Marit Orheim Mauritzen (1943-2009) frå Fjærland, oppvaksen i Bergen og busett i Stavanger og Fjærland. Siviløkonom, høgskuleleiar, forskingsdirektør og Høgre-politikar.

Utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole 1968, lektor 1970. Som kontorsjef ved Rogaland distriktshøgskule i Stavanger stod Orheim Mauritzen m.a. sentralt i utviklinga av Norsk hotellhøgskole, sivilingeniørstudiet, revisorstudiet og eit omfattande etterutdaningstilbod.

Som politikar sat ho ein periode i Stavanger bystyre for Høgre og var medlem av teknisk utval og kulturutvalet.

Saman med ektemaken, stortingsmann Sverre Mauritzen, tok ho i 1982 over familieverksemda Hotel Mundal i Fjærland. Ho var prosjektleiar for Norsk Bremuseum og første museumsdirektør frå opninga i 1991, og medlem av styringsgruppa ved skiping av Den norske Bokbyen i 1995. Frå 1997 til 2005 har ho vore direktør for Vestlandsforsking. ). Styremedlem i Innovasjon Norge frå 2005.

Syster til Olav Orheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.09.2011