Hopp til innhold
X
Innhald

Markus Loen

Markus Anderson Loen (1862–1927) frå Loen.

Markus Anderson Loen (1862–1927) frå Loen.

Son til Anders Loen og far til Richard Loen. Direktør ved familiebedrifta Hotel Alexandra frå 1890 til han døydde 1927. Hadde lært engelsk etter ein tur i Amerika, og oppheldt seg i Tyskland i 1898 for å lære tysk. Han kjøpte i 1895 det konkurrarande nabohotellet Kvammes Hotell, og bygde i si leiartid ut Alexandra til eit av dei største turisthotella på Vestlandet, med 133 senger.

Handel i Kalvåg

Han dreiv landhandel ved sida av, og eit par år dreiv Loen også handel i Kalvåg i fiskesesongen (sjå Fiskeværet Kalvåg).

Med i dampbåtlag

Markus Loen var med og skipa Lodalen Dampbåtlag, som i 1892 sette inn dampbåten «Gordon» (kjøpt frå Breimsvatnet – sjå Re) i turistrute på Loenvatnet. Seinare bygde han restaurant ved breen i Kjenndalen.

Formann i billaget

Var med på å starte Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L i 1914. Formann i billaget i seks år.

Kjøpte hotell i Ålesund

Markus Loen kjøpte i 1918 Grand Hotell på Åndalsnes og let sonen Alfred Walter Loen (1891– 1936) drive det fram til hotellet gjekk konkurs i 1932. I 1920 kjøpte Markus Loen eit hotell i Ålesund og kalla det West Hotell. Dette dreiv sonen Richard Loen i to år før hotellet vart lagt ned.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.03.2011