Hopp til innhold
X
Innhald

Marta Severine T. Eggum

Ho er farmor til den kjende trubaduren Jan Eggum frå Bergen.

Marta Severine T. Eggum (1870-1967) frå Eggja. Bondekone og folketonesongar. I 1956 fekk ho folkemusikksamlaren Arne Bjørdalen på vitjing, og song då inn 40 gamle religiøse folketonar på lydband. Dei fleste tonane hadde lokalt opphav frå Sogndal.

Ho er farmor til den kjende trubaduren Jan Eggum frå Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.01.2010