Hopp til innhold
X
Innhald

Martin Berntsen

Martin Berntsen fødd 1977 i Naustdal. Volleyballspelar som har delteke på det norske landslaget sidan 1998.

Martin Berntsen fødd 1977 i Naustdal. Volleyballspelar som har delteke på det norske landslaget sidan 1998.

Han har spela i fleire norske toppklubbar, og to og eit halvt år på laget til University of the pacific i California, USA.

Bror til Merita Berntsen Mol og Jetmund Berntsen (sjå denne fødd 1973).

Han vart kåra til den beste volleyballspelaren i Noreg både i 2005 og 2006. Han avslutta karrieren sin som spelar for Førde VBK. Etter volleyballkarrieren gjekk han inn som dagleg leiar i familieverksemda Naustdal Dampbakeri.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.12.2010