Hopp til innhold
X
Innhald

Martin E. Birknes

Martin E. Birknes (1880-1966) frå Byrknes. Fiskar og fabrikkeigar.

Martin E. Birknes (1880-1966) frå Byrknes. Fiskar og fabrikkeigar.

Var bygningsmann i USA frå 1903 til 1913, då han kom heim og skipa Byrknes Snurpenotlag. Laget kjøpte inn den første motordrivne fiskebåten til Gulen. I 1922 starta Martin Hermetikkfabrikken på Byrknes som på det meste kunne ha over 60 tilsette i sesongen. Dei første åra heldt fabrikken til i ei sjøbu, men fekk nybygg med eige aggregat for elektrisk lys og skikkeleg kai i 1925. I nokre år kring 2. verdskrig dreiv han og så ein krabbefabrikk i Bessaker i Trøndelag.

Under 2. verdskrig var Birknes ein sentral kontaktmann for ungdom som rømde vestover til Shetland. Sjå: Krigshistoria i Gulen.

Han hadde tillitsverv i Noregs Sildesalslag og var også varaordførar i Gulen ei tid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.08.2010