Hopp til innhold
X
Innhald

Martin Lilleheim

Martin Lilleheim. Foto: Inge Fænn.

Martin Lilleheim. Foto: Inge Fænn.

Martin Lilleheim (1927-2012) frå Stryn. Redaktør og forfattar. Tilsett i avisa Fjordingen i 55 år, derav 35 år som redaktør. Han starta med å sykle bygda rundt som aksjeteiknar for avisa rett etter andre verdskrigen, så var han nokre år journalist før han vart tilsett som redaktør i 1952. I 1987 gjekk han av som redaktør, men heldt fram som journalist i avisa til han vart pensjonist.

Lilleheim har samla Nordfjord-anekdotar i bokform, og han har skrive krigshistoria for Stryn.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv i 1994.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.02.2012