Hopp til innhold
X
Innhald

Martin Luther Storm

Martin Luther Storm (1836-1916) frå Arendal, voks opp i Trondheim og busett i Sogndal og Førde. Agronom og jordbruksskulestyrar.

Gjekk på det første kurset som kom i gang på Norges Landbrukshøyskole på Ås 1859–1861. Lærar på Bunes landbrukssksule i Verdalen 1861–1864. Gardsforvaltar for godseigar Henrik Formann på Lysekloster og Stedje gard i Sogndal 1865–1869.

Storms private jordbruksskule

Storm starta ein privat jordbruksskule i 1869, sjå Storms private jordbruksskule i Sogndal. Då Jakob Liv Rosted Sverdrup starta Sogndal folkehøgskule i 1870, tok Storm kontakt for å slå saman dei to skulane. Storm og Sverdrup dreiv skulen saman i eitt år, men skilde så lag fordi dei vart usamde om kven som skulle styre. Storm stod utan arbeid, men då fylkestinget på denne tida vedtok å leggje ned Mo Jordbruksskule i Førde, tilbaud Storm seg å pakte garden og drive jordbruksskulen som privatskule. Han var skulestyrar på Mo frå 1873 til 1907, då fylket på nytt tok over drifta. På skuletunet er det reist eit minnesmerke over Martin Luther Storm laga av bilethoggaren Nils Bruland.

Minnesmerket over Martin Luther Storm på Mo Jordbruksskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Minnesmerket over Martin Luther Storm på Mo Jordbruksskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Marthin Luther Storm var formann i Nordre Bergenshus Amts Landhusholdnings-selskap (sjå Dei første landbruksorganisasjonane) frå 1874 til 1885, og var i denne tida den fremste talsmannen for organisert skogreising i Sogn og Fjordane. Han vart kjend for utsegna: ”Der plogen ei kan gaa og ljaaen ei kan slaa, der bør et træ at staa”.

Tildelt Skogselskapet sin sølvmedalje og fekk premie frå kong Oscar II for arbeidet med skogsaka. Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull 1909.

Sjå også:

  • Mo Jordbruksskule
  • Martin Luther Storm har mykje av æra for at det er jordbruksskule på Mo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Martin Luther Storm har mykje av æra for at det er jordbruksskule på Mo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.08.2011