Hopp til innhold
X
Innhald

Martin Schei

Martin Schei (1918–1937) frå Førde. Journalist og soldat i den spanske borgarkrigen. Etter å ha gått Voss Gymnas tok han i 1936 til som journalist i Firda, og han engasjerte seg i Førde AUF, der han vart vald til sekretær.

Gjennom det politiske arbeidet sitt fekk han kjennskap til fascistopprøret mot republikken i Spania. Han verva seg til dei internasjonale sosialistbrigadane som kjempa mot general Franco og hans fascistar under den spanske borgarkrigen på 1930-talet. Han var 18 år då han i 1937 reiste frå heimbygda til Spania utan at foreldra visste om det.

Nokre månader etter skreiv han i eit brev til broren: ” Taper vi krigen, så betyr det ikke bare et fascistisk diktatur i Spania, eller rettere sagt en koloni under fasciststatene. Nei, det betyr en seier for fascismen i våre egne land.”

Schei fall i slaget ved Aragon i september 1937. På Utøya, leirstaden til AUF, vart det 20. juli 2011 avduka ei minneplate over Schei og tre andre unge nordmenn som fall i den spanske borgarkrigen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.03.2012