Hopp til innhold
X
Innhald

Mathias Lilleheim

Mathias Lilleheim har to sølvmedaljar frå VM i casting.

Mathias Lilleheim har to sølvmedaljar frå VM i casting.

Mathias Lilleheim fødd 1959 i Stryn, busett i Oslo. Friidrettsutøvar og trenar. Han tok først lærarutdanning og gjekk deretter Norges Idrettshøgskole.

Lilleheim tok sølv i spyd NM i 1988 og 1989 og bronse i 1999. Han har ein personleg rekord på 74.26 med ny spydtype (80.24 med den gamle spydtypen).

Sølv i VM i casting

Lilleheim var ei tid trenar for spyddronninga Trine Hattestad, og vart seinare fagkonsulent innan fysisk trening i Olympiatoppen. Lilleheim har og drive med flugefiske og delteke i casting, der han og har vore landslagstrenar. Han har to sølvmedaljar frå VM i casting og har fleire gullmedaljar frå NM.

Han har gjeve ut boka ”Det perfekte kastet” (Naturforlaget).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.12.2011