Hopp til innhold
X
Innhald

Mathias Råheim

Mathias Råheim. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Mathias Råheim. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Mathias Råheim fødd 1951 i Viksdalen. Rådgjevar og Høgre-politikar. Han har vore medlem av Gaular kommunestyre sidan 1979 med unntak av åra 1989-1995. Varaordførar 1995-2003.

Medlem av fylkestinget sidan 1983, gruppeleiar for Høgre frå 1999 og fylkesvaraordførar 1999-2003.

Fylkesleiar i Høgre 1990-2000 og medlem av sentralstyret i Høgre i same periode. 1. vararepresentant til Stortinget 1997-2005.

Styremedlem i Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) sidan 1997, styremedlem i Firda Billag 2000-2010, medlem i bedriftsforsamlinga i Fjord1 frå 2001 og nestleiar frå 2007, medlem i Vestlandsrådet frå starten i 2003, styremedlem i Helseregion Vest 1987-1995, i tillegg til ei rekkje andre verv.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2011