Hopp til innhold
X
Innhald

Melchior Falch

Melchior Falch, teikning av student Pram i 1846. Teikninga heng på Amble Gård. Foto: Atle Bondevik.

Melchior Falch, teikning av student Pram i 1846. Teikninga heng på Amble Gård. Foto: Atle Bondevik.

Melchior Falch (1720-1791) frå Øvre Amla. Jurist, godseigar, sorenskrivar og kanselliråd. Juridisk embetseksamen i København 1747.

Eigar av «Heiberg-godset» i Øvre Amla (sjå: Amla-gardane), men leigde eigedomen ut medan han sjølv var sorenskrivar på Sunnmøre med bustad i Borgund.

I 1773 skipa han det første «landhusholdningsselskapet» i Noreg - «Det Søndmørske praktiske Landhusholdningsselskab».

Falch var ein aktiv forfattar, og frå 1769 medlem av Det Kgl. Norske Videnskabers Selskab i Trondheim.

Han flytta tilbake til Amla i 1779.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011