Hopp til innhold
X
Innhald

Melchior Falk Gjertsen

Melchior Falk Gjertsen (1847-1913) fødd i Kaupanger, utvandra til Minnesota, USA. Prest, skuledirektør og forfattar.

Utdanna seg på latinskule i Bergen, utvandra og tok presteeksamen ved Augustana Seminary og ordinert til prest i 1868.

Skuledirektør i Minneapolis 1895-1900 og 1909-1911. Gav ut «Hjemlands sange» 1877, «Christopher Brun og pietismen» 1899, «Harald Hegg» - ei skildring av norsk settlarliv på prærien - 1914.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.03.2008