Faktaboks

Merita Berntsen Mol
Fødd
24. februar 1969

Merita Berntsen Mol er ein tidlegare volleyballspelar frå Naustdal i Vestland. Ho har fleire EM-medaljar i sandvolleyball og var OL-deltakar i 1996. Berntsen Mol er gift med sin tidlegare trenar Kåre Mol, og saman har dei mellom andre sonen Anders Mol.

Karriere innandørs

Merita Berntsen Mol starta å spele volleyball i det blomstrande miljøet i Tambarskjelvar på 1980-talet. Ho vart teken ut på juniorlandslaget som 14-åring, og berre 16 år gammal var ho på seniorlandslaget. Ho flytte til Sandnes for å satse, og der vart ho snart så god at ho i 1991 fekk tilbod om å spele for University of California Santa Barbara i USA. Der vart ho teken ut på All American 2nd Team i den første sesongen. Mol fekk tilbod om å spele for den italienske toppklubben Perugia, men valde å takke nei.

Merita Berntsen Mol har spelt 64 landskampar for Noreg.

Karriere utandørs

Under ei landslagssamling i Stavanger tok Mol med seg Ragni Hestad på stranda for å spele sandvolleyball. Der fekk dei ein idé om å satse på sandvolleyball saman. Dei melde seg på nokre turneringar og fekk gode resultat. I 1994 vann dei NM på første forsøk. I EM same året kom dei til kvartfinalen og bestemte seg for å satse mot OL i 2000.

Mol og Hestad tok sølv i EM i 1995 og bronse i EM i 1996. Då sandvolleyball i 1996 stod på OL-programmet for første gong, var duoen allereie kvalifisert. Under OL i Atlanta vart dei nummer ni, etter at tyske Beate Bühler og Danja Musch vart for sterke i den tredje og avgjerande kampen. Etter OL valde Mol å leggje opp. Motivasjonen var borte etter nokre krevjande år med mykje reising.

Beachvolley Vikings

Merita Berntsen Mol er mentaltrenar for Beachvolley Vikings, ei norsk satsingsgruppe i sandvolleyball med mellom andre sonen Anders Mol og Christian Sørum. Duoen har vunne verdsserien, EM, VM og OL. Merita Berntsen Mol er gift med hovudtrenar Kåre Mol.

Merittar

  • OL-deltakar i 1996 (niandeplass).
  • EM-sølv 1995, EM-bronse 1996.
  • Sjuandeplass i World Tour.
  • Tre NM-gull innandørs.
  • To NM-gull utandørs.

Klubbar

  • Tambarskjelvar
  • Sandnes
  • University of Santa Barbara
  • Fyllingen
  • Trio

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Rune Fossum Lillesvangstu: 50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane (2017).

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg