Hopp til innhold
X
Innhald

Michael Conrad Sophus Emil Aubert

Michael Conrad Sophus Emil Aubert (1811-1872) frå Oslo, busett i Lærdal 1852-1860. Jurist 1835. I ungdomsåra høyrde han til flokken kring den radikale Henrik Wergeland, og fekk avskil frå ei stiling i departementet fordi han hadde vore med og feira 17. mai.

Aubert vart sorenskrivarfullmektig 1836, stiftprokurator i Bergen 1841, sorenskrivar i Lofoten og Vesterålen 1847. Amtmann i Sogn og Fjordane (Nordre Bergenhus) 1852-1860, då han vart borgarmeister i Trondheim. Sorenskrivar i Jarlsberg 1866.

Var i 1842 med i kommisjonen som tilrådde at Lærdalsøyri skulle få bystatus (sjå Plan om by på Lærdalsøyri). Gjorde i 1857 saman med handelmann Jan Henrik Nitter Hansen og sokneprest Harald Ulrik Sverdrup opptaket til skiping av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (sjå Skiping av Fylkesbaatane).

Stortingsrepresentant for Nordland 1851, vararepresentant for Sogn og Fjordane 1857-1858, og vara for Tronhjem og Levanger 1862-1863 og 1865-1866.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2011