Hopp til innhold
X
Innhald

Mikkel Mundal

Mikkel Mundal (1857-1936) frå Fjærland. Handelsmann og breførar.

Mikkel Mundal (1857-1936) frå Fjærland. Handelsmann og breførar.

Han dreiv handel og losji i Mundal og bygde i 1891 Hotel Mundal saman med svogeren Olaus Dahle, systera Brita Dahle og brørne Johannes og Per Mundal.

Mikkel Mundal gjennomførte på 1880-talet den første kjende turistkryssinga av Jostedalsbreen frå Fjærland til Jølster saman med den kjende britiske fjellklatraren William Cecil Slingsby og briten Hastings.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.09.2011