Hopp til innhold
X
Innhald

Mons Davidson Huustvedt

Mons Davidson Huustvedt (1832-1913) frå Voss, busett i Flekke. Bonde og politikar.

Mons Davidson Huustvedt (1832-1913) frå Voss, busett i Flekke. Bonde og politikar.

Mons hadde gått jordbruksskule i Sandvik i Sunnhordland og kjøpte garden Flekke i 1868 saman med ein annan vossing, kjøpmann Lars Bratager. I 1887 vart Mons eigar av heile bruket. Hadde tillitsverv innan Landhusholdningsselskapet i fylket, og var ordførar i Fjaler 1872-1876 og 1892-1896.

Far til Lars Hustveit.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2011