Mons J. Aase

Mons J. Aase sin handelsstad på Raudeberg kring år 1900. © Fylkesarkivet.
Mons J. Aase (1858–1918) fødd i Davik. Starta i 1883 handel i Barmen i Selje, frå 1886 på Raudeberg. Her bygde han opp landhandel, agenturforretning, damskipsekspedisjon og var postopnar.
Mons J. Aase vert rekna som føregangsmannen for næringsutviklinga på Raudeberg, på same vis som Ulf Lem vart det i Måløy.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 28.10.2011