Hopp til innhold
X
Innhald

Mons Leidvin Takle

Mons Leidvin Takle. Foto: Alexander Nupen.

Mons Leidvin Takle. Foto: Alexander Nupen.

Mons Leidvin Takle, fødd 1942. Frå Takle, busett i Kristiansand. Musikar og komponist.

Tok organisteksamen ved Stavanger Musikkonservatorium berre 16 år gamal, og har musikkstudiar frå Noreg, Sverige og USA. Har turnért som solist og akkompagnatør på orgel og piano over store deler av Europa og USA. Som musikar har han vore solist og medverkande i ei lang rad plate- og CD-innspelingar, og radio- og fjernsynsprogram.

Takle har komponert ei mengd musikkverk for vokal og instrument, og har arbeidd mykje både som arrangør og plateprodusent.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.11.2011