Hopp til innhold
X
Innhald

Mons R. Silden

Mons R. Silden (1890-1966)	  frå Silda. Postopnar og motstandsmann under 2. verdskrig.

Mons R. Silden (1890-1966) frå Silda. Postopnar og motstandsmann under 2. verdskrig.

Silden var postopnar på Silda frå 1931. Under krigen kom han tidleg med i smugling av våpen til dei norske motstandsstyrkane, og organiserte våpenlagring på Silda. I opprullinga av illegale våpenruter som fylgde etter Tælavåg-aksjonen i 1942, slo Gestapo til mot Silda den 8. mai 1942. Mons slapp så vidt unna razziaen og gjekk i dekning, men han måtte sjå at tre søner; Mons M. Silden, Andor Silden og Rasmus N. Silden vart arresterte og torturerte og saman med to andre sambygdingar sende til konsentrasjonsleirar i Tyskland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.02.2010