Hopp til innhold

Aagot Noss

Aagot Noss, museumskonservator og tradisjonsforskar. Ho var ein av dei fremste kjennarane av norske folkedrakter og skreiv fleire standardverk om emnet.

Aagot Noss var fødd 9. oktober 1924 i Ål i Hallingdal og døydde 5. april 2015 i Oslo. Ho tok til å arbeide ved drakt- og tekstilavdelinga på Norsk Folkemuseum i 1956, med hovudfag i filologi, frå 1972 som førstekonservator, fram til ho gjekk av med pensjon i 1994. Ho var ein internasjonalt orientert draktforskar som var med på mange fagmøte i utlandet. Noss skreiv òg ei rekkje vitskaplege artiklar om folkedrakter og draktsølv, og ho stod bak fleire dokumentarfilmar som Norsk Folkemuseum og Statens Filmsentral laga.
Då Aagot Noss tok til å arbeide ved drakt- og tekstilavdelinga på Norsk Folkemuseum, byrja ho med å kartleggje informasjon om drakttradisjonar i Noreg. Det førte med seg mykje reising kring i landet for å samle inn opplysingar frå folk som kjende klestradisjonane frå eldre tid. Mellom anna oppheldt ho seg ei tid i Valle og Bykle i Setesdal for å dokumentere ein ubroten klestradisjon frå mellomalderen til vår tid.
Lista over publikasjonar og bøker er lang. Aagot Noss skreiv ei rad artiklar i By og Bygd, Norsk Folkemuseum si årbok, gjennom dei åra ho var knytt til museet. I tillegg var ho med på å skrive ei rekkje utstillingskatalogar. Mange av bøkene hennar er påkosta praktverk. Ho fekk Sørlandets Kompetansefonds populærvitskaplege pris i 2009 for boka Stakkeklede i Setesdal. Byklaren og valldølen (2008).
Hovudverka hennar er Adolph Tidemand og folk han møtte. Studiar frå reisene i norske dalføre – akvarellar, målarstykke og teikningar (1981) og Nærbilete av ein draktskikk. Frå dåsaklede til bunad (1992).
Aagot Noss fekk fleire utmerkingar for det livslange arbeidet sitt, mellom anna Kongens fortenestemedalje i gull i 1994. I 2002 vart ho utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.

Kjelder

Folk og klede – skikk og bruk. Festskrift til Aagot Noss, forord ved Erik Rudeng. Oslo 1994
Kari-Anne Pedersen, Norsk Folkemuseum
Aagot Noss
Anne Eriksdatter Bye: «Aagot Noss. En reisende i norske folkedrakter», intervju i Bunad nr. 1/2004, attgitt på nettet, Magasinet Bunad, bunad-magasinet.no: http://www.bunad-magasinet.no/aagot-nossen-reisende-i-norske-folkedrakterhele-artikkelen.265703-103309.html

Først publisert: 28.04.2010
Sist oppdatert: 09.10.2020