Hopp til innhold
Foto: Stian Andersen
Foto: Stian Andersen
X
Innhald

Aasmund Nordstoga

Aasmund Nordstoga, folkemusikar, bonde og underhaldar frå Vinje, Telemark. Nordstoga har utmerkt seg som ein allsidig kvedar og songar med eit vidt repertoar.

Aasmund Nordstoga er fødd 26. august 1964 og bur på heimstaden Plassen i Vinje, der han no driv garden. Han er ein framifrå folkemusikar og har vunne B-klassa i kveding på Landskappleiken fleire gonger.
Nordstoga debuterte på CD i 1997 med Løynde eldars land – med tekstar av Tarjei Vesaas. Han bidrog òg på Livet er godt, med tekstar av Aasmund Olavsson Vinje.
Han har laga fire samlingar med norske og nordiske viser: Tolv dagar i jola (2011), Friaren (2010), Ein visefugg (2009) og Guten (2013)
Ein visefugg vart nominert til Spelemannsprisen i klassa for beste viseplate i 2009 og låg 12 veker på VG-lista. Songen «Det er meg det samme hvor jeg havner når jeg dør» vart snart allemannseige. På både denne plata og oppfølgjaren, Friaren, finn vi folkeviser, revyviser, rallarviser og viser med skillingsvisepreg. Tolv dagar i jola er ei juleplate med juleviser frå Noreg og Sverige. Guten har tekstar av A.O. Vinje og kom ut som ein del av markeringa av Språkåret 2013.
Musikken til Aasmund Nordstoga er prega av det akustiske og jordnære – med friske, overraskande grep. Med ei røyst stø som fjell og med eit solid fundament i folkemusikken utvidar og utfordrar han tradisjonane ut i det burleske og underfundige.
Nordstoga har òg vore med på musikkprosjekt, mellom anna Tryllefløyta frå 2005 – Mozarts opera i folkemusikk-versjon, Storegut – bygd på tekstar av A.O. Vinje, og Trispann – norsk vokal folkemusikk i eigne arrangement.
Vinjestoga, staden der Aasmund Olavsson Vinje voks opp, ligg på garden til Nordstoga og er ein del av Vest-Telemark Museum. Nordstoga er med i nærstyret av Vinjestoga.
Aasmund Nordstoga er styremedlem i Vinje Senterparti og har vore leiar i Oppvekst- og velferdsutvalet.

I 2014 er Aasmund Nordstoga kåra til Årets nynorskbrukar saman med broren Odd Nordstoga.
Kjelder
Aasmund Nordstoga, e-post 11.11.2011
Aasmund Nordstoga, nettstad, http://aanordstoga.no [lesedato 13.11.2011]

Først publisert: 07.02.2012
Sist oppdatert: 11.04.2014