Hopp til innhold
X
Innhald

Andrej Nebb

Andrej Nebb, polsk multikunstnar som her til lands er mest kjend for tida i De Press, eit av dei viktigaste og mest originale banda i bølgja med ny norsk musikk tidleg i 1980-åra.

Andrej Dziubek Nebb, fødd 14. juli 1954 i Zakopane i Polen, kom til Noreg som flyktning i 1970-åra. Han var elev ved Statens kunstakademi og gjorde seg først kjend som performancekunstnar, før han i 1980 starta bandet De Press, saman med Jørn Christensen på gitar og Ola Snortheim på trommer. LP‑en Block to block frå 1981 er ei av dei beste norske platene frå denne perioden. LP‑en Product frå året etter var tyngre og meir melankolsk. Tekstane til De Press var hovudsakleg på gebrokkent engelsk, men òg med nokre polske tekstar, og dei gav ut ein EP med norske tekstar, like gebrokne som dei engelske.

De Press vart oppløyst, og Nebb gjekk i ei meir eksperimentell retning med bandet Holy Toy. Her brukte han til dømes vinkelslipar som musikalsk instrument. Tidleg i nittiåra samla De Press seg att til to plateinnspelingar, men utan å få same mottakinga som tidlegare. Nebb har seinare gitt ut fleire soloplater i Noreg, nokre av dei vart gitt ut under namnet De Press i Polen. Den eine av desse platene, Kvite fuglar, er tonesetjingar til dikt av Tor Jonsson. Nebb er i dag busett i Polen.

Kjelder

«Andrej Nebb», i Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): Norsk pop & rock leksikon. Populærmusikk i hundre år. Oslo 2005

Peikarar

Simen Ekern: «Polsk målmann», dagbadet.no, publisert 9.6.2000 

Helge Skog: «– Det er en helt genial plate», itromso.no, publisert 20.7.2017 


Først publisert: 07.12.2018
Sist oppdatert: 07.12.2018