
Arne Næss
Arne Dekke Næss, filosof. Han la grunnlaget for det norske filosofimiljøet etter krigen og vart kjend internasjonalt for tankane om djupøkologi.
Næss vart fødd 27. januar 1912 i Aker (no Oslo) og døydde i Oslo 12. januar 2009. Han tok examen artium i 1930, vart magister i filosofi i 1933 og tok doktorgraden i 1936 på avhandlinga Erkenntnis und wissenschaftliches Verhalten («Erkjenning og vitskapleg åtferd»). Han var professor i filosofi ved Universitetet i Oslo 1939–70.
Som einaste professor i filosofi i Noreg dei første åra etter krigen la han grunnlaget for det norske filosofimiljøet, som var prega av teoretisk mangfald. Han fekk stor innverknad på norsk universitetsliv og høgre allmenndanning gjennom den førebuande prøva i filosofi, og særleg ved innføringsboka i logikk, En del elementære logiske emner (første utgåve 1941, nynorsk utgåve 1961). Boka gav øving i definisjon, tolking og presisering i samband med ord og utsegner, og etablerte normer for sakleg meiningsutveksling. Han skreiv òg si eiga filosofihistorie, Filosofiens historie. En innføring i filosofiske problemer (første utgåve 1953).
Gjennom sitt lange liv arbeidde Næss med mange problemstillingar og vidt ulike filosofar. I tidlege år var han påverka av pragmatisme og logisk empirisme («berre utsegner som kan verifiserast eller falsifiserast er meiningsfulle»), men stod sjølv utanfor desse retningane. Seinare vart han oppteken av possibilisme («alt er mogleg») og skeptisisme («kanskje er sikker kunnskap umogleg») og vanskane med å vurdere sanninga til heilskapssyn («kva for ei begrepsverd er den verkelege?»). Han var ein udogmatisk, søkjande filosof.
Sjå video frå NRK Skole, der Arne Næss fortel om sitt forhold til naturen:
Interessa for Spinoza følgde han heile livet. Då han sa frå seg professoratet i 1970, tok han fatt i spørsmål knytte til økologi og samfunn («økosofi»). Internasjonalt er han mest kjend for tankane om «djupøkologi». Han var samfunnsorientert og hadde tidlegare arbeidd med Gandhis ikkjevaldslære og -praksis. Han var sjølv konsekvent tilhengjar av ikkjevald. Under den tyske okkupasjonen deltok han i den ikkje-militære motstanden i etterretningsorganisasjonen XU.
I 1948–49 var han leiar for Unescos forskingsprosjekt om ideologiske konfliktar mellom Aust og Vest. Han var fjellklatrar, innførte bolteteknikken i Noreg og leidde ekspedisjonar til Tirich Mir-fjellet mellom Tibet og Pakistan i 1950 og 1964.
Kjelder
Peder Anker: «Arne Næss sett utenfra». Samtiden, 4/2002
Vilhelm Aubert mfl.: Tenk en gang til. Oslo 1952
Inga Bostad (red.): Filosofi på norsk. I. Oslo 1995
Inga Bostad (red.): Filosofi på norsk. II. Oslo 1997
Inga Bostad: Arne Næss. Oslo 1998
Sioban Chapman: Language and empiricism. After the Vienna circle. Basingstoke 2008
Alan Dregson and Bill Devall (eds.): The Ecology of Wisdom. Writings by Arne Naess. Berkeley 2008
Fons Elders: Reflexive Water. The Basic Concerns of Mankind. London 1974
Johan Galtung og Arne Næss: Gandhis politiske etikk. Oslo 1968
Truls Gjefsen: Arne Næss. Et liv. Oslo 2011
Ingemund Gullvåg og Jon Wetlesen (red.): In Sceptical Wonder. Inquiries into the philosophy of Arne Naess on the occasion of his 70th birthday. Oslo 1982
Per Ingvar Haukeland (red.): Dyp glede. Med Arne Næss inn i dypøkologien. Oslo 2008
Arne Næss: Demokratisk styreform – en presiseringsmeny. Oslo 1968
Arne Næss: Det frie menneske. En innføring i Spinozas filosofi. Oslo 2010
Arne Næss: En del elementære logiske emner. 9. utgave. 2. opplag. Oslo 1961
Arne Næss. Festskrift til 90-årsdagen 27.1.2002. Norsk filosofisk tidsskrift, 1– 2, 2002
Arne Næss: Filosofiens historie. Oslo 2001
Arne Næss: Filosofiske problemer. Deres inndeling og egenart. Oslo 1941
Arne Næss: Gandhi og atomalderen. Oslo 1960
Arne Næss: Hva er filosofi? Oslo 1965
Arne Næss: Hvilken verden er den virkelige? Oslo 1969
Arne Næss: Moderne filosoffer. Filosofiens nyeste historie. København 1965
Arne Næss: Nokre elementære logiske emne. Oslo 1961
Arne Næss: Teknikk, pedagogikk og en ny livsstil. Oslo 1978
Arne Næss: Økologi, samfunn og livsstil. Oslo 1974
Arne Næss og Inga Bostad: Inn i filosofien. Arne Næss' ungdomsår. Oslo 2002
David Rothenberg: Arne Næss. Gjør det ondt å tenke? Oslo 1992
Anfinn Stigen (red.): Generasjoner i norsk filosofi. Oslo 1973
Svein Sundbø: Arne Næss. En kronologisk bibliografi over forfatterskapet 1936–2007. Oslo 2007
Fredrik W. Thue: Empirisme og demokrati. Norsk samfunnsforskning som etterkrigsprosjekt. Oslo 1997
Dag Østerberg: «Ebbing om Skjervheim og Næss». Sosiologisk Årbok, 1/2004
Peikarar
Inga Bostad: Arne Næss i NBdigital
Inga Bostad (red.): Filosofi på norsk I i NBdigital
Inga Bostad (red.): Filosofi på norsk II i NBdigital
Petter Mejlænder: Våre verdier (samtaler med m.a. Arne Næss)
Arne Næss: Økologi, samfunn og livsstil i NBdigital
Sist oppdatert: 02.09.2016