Hopp til innhold
Arnold Nordal i 1988. Foto: Åse Nilsen. Kjelde: Kraftmuseet på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: I-HF1449. CC BY-NC-SA 4.0.
Arnold Nordal i 1988. Foto: Åse Nilsen. Kjelde: Kraftmuseet på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: I-HF1449. CC BY-NC-SA 4.0.
X
Innhald

Arnold Sofus Nordal

Arnold Sofus Nordal, professor i farmakognosi og rådgivar for FN. Han var med i NRK-program om nedarva plantekunnskap og folkemedisin.

Arnold Sofus Nordal var fødd i Syvde på Sunnmøre 19. mai 1909 og døydde i Bærum 16. august 2002. Han gjekk framhaldsskule i Syvdsbotn, folkehøgskule i Ørsta og realskule i Volda, der han tok examen artium i 1932. Etter apotekareksamen i 1936 fekk han stilling ved Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo. I 1947 vart han professor i farmakognosi, læra om medisinske naturstoff. Doktorgradsarbeidet handla om bitter bergknapp, og funna Nordal gjorde, var viktige for Melvin Calvin, som fekk Nobelprisen i kjemi i 1961.
Nordal skreiv bortimot 150 vitskapelege artiklar. Eit år var han gjesteforskar ved Berkeley-universitetet i California, og i 1950- og 60-åra hadde han FN-oppdrag som planteforskar i Burma, der målet var å byggje opp ein medisinplanteindustri.
Nordal var med i NRK sitt radioprogram Søndagsposten, der han kommenterte kjerringråd knytt til plantar, og han var òg med i fjernsynsserien «Urter til mat og medisin». Etter at han vart pensjonist, gav han ut bøker om språk og slektshistorie. I 1988 kom Ord og vendingar frå Syvdemålet og i 1989 forteljinga om Jofolket.
Nordal var medlem av Det Norske Vitenskaps-Akademi og riddar av 1. klasse av St.Olavs Orden.

Kjelder

Berit Smestad Paulsen: «Arnold Nordal», Norsk biografisk leksikon, bd. 7. Oslo 2003
Telefonsamtale 04.05.2010 med Berit Smestad Paulsen, professor ved Institutt for farmasi, Universitetet i Oslo 

Peikarar

Intervju med Arnold Nordal i samband med 80-årsdagen hans, youtube.com

Først publisert: 02.08.2010
Sist oppdatert: 19.05.2020