Hopp til innhold

Åsne Valland Nordli

Åsne Valland Nordli, folkesongar som slo igjennom i ung alder med ukjent tradisjonsstoff og nyskapande framføringar.

Åsne Valland Nordli er fødd 10. oktober 1975 i Kvam i Hardanger. Etter vidaregåande skule (1994) har ho ved sida av songen drive med kyrkjelydsarbeid, og saman med mannen utførte ho i perioden 1998–2003 humanitært arbeid for gatebarn og unge prostituerte i Romania.
Valland Nordli er sjølvlært som folkesongar, men fekk tidleg viktige impulsar frå musikarar som Steffen Eide, Margareta Opheim, Sondre Bratland og Nils Økland. Ho byrja å syngje offentleg i tiårsalderen, som 14-åring underviste ho på Ole Bull-akademiet på Voss, og i 1992 turnerte ho med Bergen filharmoniske orkester. Ho tok tidleg til å leite fram religiøse folketonar frå Kvam, og nokre av desse er å høyre på den første plata hennar, Den ljose dagen (1994), som også inneheld eigenkomponert stoff.
Seinare har Valland Nordli gitt ut juleplatene Julekvad (1996) og Lille Messias (2005). I 1998 var ho solist under urframføringa av Magnar Åms Vandrande himmel, skriven spesielt for stemma hennar. Med plata Himmelske balsam og sødeste drue (2001) var ho den første til å spele inn eit utval salmar av husmannssonen Daniel A. Bulie (1820–1900), og i 2008 samarbeidde ho med Benedicte Maurseth, Berit Opheim Versto og Kristin Skaare om plateprosjektet Fodne ho svara so stilt, som er bygd på folkemusikk frå Hardanger, samla inn av Geirr Tveitt. Frå 2007 har ho samarbeidd med skodespelar Anne Marit Jacobsen i framsyninga «Nå – Hans Børli med kvinnehånd».
Valland Nordli har fått Ole Bull-akademiets kunstnarstipend, NRKs stipend for unge talent og Fondet for Utøvande Kunstnarar sitt stipend for reise og vidareutdanning.
Kjelder
E-post frå Åsne Valland Nordli 25.11.2010
Arild Berg Karlsen: «Lyse dager for Åsne (18)», Bergens Tidende 24.5.1994
Erik Fossen: «Mor Åsnes verden», Bergens Tidende 21.6.2001 

Først publisert: 29.08.2011
Sist oppdatert: 25.04.2013