Hopp til innhold
Portrett av Atle Næss. Foto: (C) Rolf M. Aagaard/Gyldendal med løyve for Allkunne.
Portrett av Atle Næss. Foto: (C) Rolf M. Aagaard/Gyldendal med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Atle Næss

Atle Næss er forfattar. Han fekk Brageprisen 2001 for "Da jorden stod stille".

Atle Næss, fødd 1949, er forfattar. Han debuterte med romanen Gun i 1975 og har vidare mellom anna gitt ut Sensommer (1986), Kraften som beveger (1990), Den tvilende Thomas (1997), Sensommer (2006) og Teltmakeren (2012). Næss skriv òg essay og sakprosa, mellom anna Askim–Firenze t/r (1992), Italienske bilder (1999), Da jorden stod stille – Galileo Galilei og hans tid (2001), Munch. En biografi (2005) og Nidarosdomen. En biografi om Norges nasjonalmonument og menneskene som bygde det (2011). Han har òg skrive kriminalroman, barne- og ungdomsbøker og fagbøker for barn. Næss fekk Brageprisen 2001 for Da jorden stod stille.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.04.2016
Sist oppdatert: 29.04.2016