Hopp til innhold
X
Innhald

Bernt Notke

Bernt Notke, ca. 1440–ca. 1509, var tysk bilethoggar og målar med stor verkstad i Lübeck.

Notke utførte altarskåp og skulpturar til mellom anna Aarhus Domkirke (1479). St. Georg og dragen i Storkyrkan i Stockholm (1483–89) er eit av hovudverka frå seingotikken i friskulptur.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.09.2016
Sist oppdatert: 29.09.2016