Hopp til innhold
X
Innhald

Bjarne Nerem

Bjarne Nerem, 1923–91, var tenorsaksofonist og ein av dei fremste jazzsolistane i Noreg. I 1953–73 budde Nerem i Stockholm, der han høyrde til eliten blant jazz- og studiomusikarar. Etter 1973 var han frilansmusikar i Noreg. Nerem gav ut fleire plater, mellom andre Everything happens to me (1976), This is always (1984) og More than you know (1987). I 1980 fekk han Buddy-statuetten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.11.2013
Sist oppdatert: 20.11.2013